mandag 4. november 2013

Glutenfri tortillia

Prøvde meg på å lage glutenfri tortillia på fredag. Dei var super lette å lage å kjempe gode!
Her er oppsrifta kom fram til:
5dl jyttemjøl ( den blå)
1,5dl maizenna mjøl
2,5dl lunka vatn
2ss olje 
1ts salt
1ts fiberhusk

Bland fiberhusk og vann, ladet svelle.
Ha alt det tørre i ei bolle og bland godt. Tilsett olja og vannblandinga. Kna deigen godt sammen. Del opp i emner som du kjevler ut til dei er ca1-2mm tjukke. Eg nytta jyttemjølet
til å kjevle ut i. Steik i tørr steikepanne på fullvarme i ca 15-20 sek.  Eg har ikkje prøvd steiketakke, men eg tenker det også kan fungere fint. 

Me synes alle dei var kjempe gode. Til og med me som ikkje treng glutenfritt:) 

Har desverre ikkje bilde, siden me spiste opp rubbel og bit!! 

Snart ferdig me bakstykke på dorthegenseren.
Da e eit håp om at eg faktisk fullfører!





søndag 3. november 2013

Alltid eit skritt forann..megsjøl!

Eg er slik annlagt at i det eg byrjar eit strikkeprosjekt er det ikkje mange dager før eg begynner å planlegge det neste. Eg er også ein garnjunky å kjøper det eg synes er fint uten å heil ha ein plan over kva det skal bli. Eg fekk 8-9 nøster av denne deilige tråden her for nokre veker siden:

I denne fargen her:

Nydelig kvalitet og ein fresh farge til meg å vera.

Lurer på om det skal bli ei jakke? 

Eller har du kanskje eit godt forslag?

På pinnane som er i gang er det framleis dorthegenser. Synes den virker veldig stor, men blir spennande å sjå når eg byrjar på framstykke om den virker like stor då!

fredag 1. november 2013

Tips om ein fin giveaway!!

No når eg sit å kosar meg med morgonkaffien tenkte eg ville dele ein giveaway som går på Komadyret sin blogg. Dette er ein av mine favorittbloggar å snoke rundt på, å denne giveawayen er kjempe fin. 
Premien er denne boka her:
Bilde er lånt fra Komadyrets blogg. Boka er suuuuuper fin, og eg har stått å sikla på den i butikken opp til fleire gonger. 

Så ta ein tur innom bloggen hennas her. Den er verdt å ta turen innom for meir enn giveawayen:) 

Det er ein god morgen her i huset! Håpar du og har ein god morgen å at det blir ein fin dag!

torsdag 31. oktober 2013

Leeeenge siden sist!! But I'm back:)

Då var det veldig lenge siden eg har blogga! Mykje har endra seg her i huse. I august fekk eg diagnose brystkreft. Eg er no i behandling med cellegift, og det går fint så langt. Håret er vekke, men ikkje motet og håpet om å blir rakst frisk:)Hårlause meg og storebompi


Eg sit og på skulebenken igjen og tar norsk på høgskulen. 
Skulen er berre to dagar i veka, å me ganske mykje fritid så blir det mykje strikketid( når formen er fin)!!

Det blir også litt tid til glutenfribaking. I går baka eg glutenfri polarbrød og glutenfri krumkaker. Oppskrifta finner du på bloggen Uten alt . Både polarbrøda og krumkakene vart kjempe gode! Då er offisielt julebaksten åpna for i år her. Begynner tidlig i år, i tilfelle formen ikkje held seg så bra utover. Synes glutenfri julekaker er vanskelig enda. I fjor laga eg ristoppar, kokos makroner, pikekyss og kakemenn. Kakemenna vart ingen suksess, men resten funka bra! I år har eg planar om dei eg skriv over her+ krumkaker, pepperkaker,pletter og noko me kallar colakaker(dei smakar ikkje cola, men er gode). Det er godt mulig denne planen blir endra, men det er utgangspunktet.

Ellers vil eg også reklamere for eit veldedig formål eg alltid prioriterer å støtte på denne tida.
Kirkens bymisjon gir ut middager til jul. Dei går til dei som ikkje har noko plass å feire jul. Eg synes dette er ein fin liten gest å gjere no når det nermer seg juletider! 80kr er liten sum i forhold til gleda ein gir:) Julegavetips: Mine besteforeldre har alt, så i jule gåve til dei har eg og gitt ein middag til kirkens bymisjon i deira navn.

På pinnane for tida har eg ein genser til meg. Eg pleier aldri å lage noko t megsjølv, men no prøver eg meg. Det måtte bli noko som ikkje var for tynne pinnar, slik at eg ikkje går lei men faktisk strikkar ferdig. Dette blir spennande!
Garn: Sandnes Alpakka og Faerytale
Oppskrift: Dorthe genser
Pinne: nr 7

Då skal eg strikke litt videre. Om nokon har gode glutenfri julekake oppskrifter så blir eg kjempe glad for tips!
Kjekt om du legg igjen ein kommentar vis du har noko hyggelig å sei!

lørdag 10. august 2013

Svipptur innom med ei oppskrift!

Eg har vore passiv på bloggen i vår/sommer. Det har vore super travelt, og eg skal komme tilbake med litt frå dei travle dagene:)
I kveld har eg hatt trivlig kveld med mat og vin. Eg ville dele oppskrifta på tacokake i min versjon som er suuuper enkel og veldig god. Den virker veldig simpel men er hysterisk god.

Enkel tacokake

Dette trenger du:
I pk tortillialefser
1pk kjøttdeig( eg brukte 400g)
1pk tacokrydder
1glass salsa saus
1pk coop cream chees (el philadelphia ost)
Revet kvitost el mozarella
1 avocando
1 beger rømme
Ei rund kakeform

Tacokaka:
Steik kjøttdeigen og tilbered tacokrydderet etter annvisning men med halvparten av væska.
Tilsett cream chees begeret og halve glasset med tacosaus. Rør til alt er blanda inn.
Legg ei tacolefse i bunnen av kakeforma, legg lag på lag med kjøttsaus og tacolefse, avslutt med lefse. Strø ost på toppen og sett i ovnen på 190 grader til osten er gylden.

Tilbehør:
Rømme
Testen av salsasausen
Guacamole:
Rull avocadoen mot kjøkkendisken med skallet på så den blir mjuk. Del den i to og ta ut steinen.
Grav ut avocado"kjøttet" med ei skei og ha i ei skål.
Knepp med ein gaffel i lag med 2 ss olje, 1ts salt, 1ts pepper og 3-4 dråper sitronsaft( valgfritt) til konsistensen er grøtaktig.

Namnamminam!!!! Serveres som kakestykker og tilbehør etter eige ønske!
Denne oppskrifta er IKKJE GLUTENFRI(!!!!) Eg har ikkje funne gl.fri tacolefser som eg liker enda, men lurer på om eg skal prøve å lage. Skal komme tilbake om det vert velukka glutenfritt!
Velbekomme:)

tirsdag 30. april 2013

Action i kvardagen!

Når noko fyrst skjer her i huset, så skjer det som oftest mykje på ein gang!
For halvanna veke siden fekk me eit kjøkken av ein venn som skulle hive det. Eit heilt greit eikekjøkken fra 80 tallet. Med den tragedien me hadde som kjøkken var det ingen vanskelig avgjerelse å bestemme oss for å bytte til dette.
Nokre dagar før hadde eg vore hos ei venninde som driver fargeriket butikk. Ho hadde nokre restetapeter som skulle hives og lurte på om eg kunne tenke meg dei, svaret var enkelt her: "JAAA!!!!" Heilt okei, kvit med vertikale strukturstriper.
Mens me holdt på å jobbe med å få inn nytt kjøkken kom min snille snille pappa å sa at han ville kjøpe nytt golv til oss!!! Å vips så blei heile kjøkkene pussa opp for ein slikk og ingenting. Med ein trang økonomi er dei ikkje like enkelt å pusse opp eit hus fra 1946....Føler meg heldig med så mange snille mennesker i livet mitt!
BompiPappa har jobba å stått på, med hjelp fra svigerfar og min pappa har me fått det opp å gå på under ei veke.

Slitsomt mens det står på men fantastisk når det no står nesten ferdig.
Her er nokre bilder av det gamle, prosessen, små hjelpere og det "nye" litt rotete etter dagens middagslaging:)











torsdag 25. april 2013

Travelt!!!!

Lite blogging om dagen. Er travelt opptatt med kjøkkenoppussing! Lover å komme sterkt tilbake over helga! 

Vil berre tipsa om ein superfin give away på denne bloggen her. For ein flott premie, og ein kjekk blogg å følge! Låner bilde av premien fra bloggen.

søndag 14. april 2013

Travel helg!!

  Travel helg!! Me har, i snart 4mnd, hatt tele i jorda slik at hageoppussingsprosjekta har stoppa heilt opp. Til min store frustrasjon fordi eg hatar når alt står på hode å ein ikkje ser heilt enden på det heile. Men no, endelig, har frosten sluppet taket å eg var ute å jobba å spadde i jorda heile fredag og laurdag. Fekk litt hjelp av BompiPappa og StoreBompi på laurdag i gravemaskin. Eg skal legge ut endelig bilde når jobben er ferdig, men her er eit jobbebilde.

Det er mykje som er blitt orden på i helga. Eg har fått badedør. Me har gått i fire dager uten badedør, grunna me mangla noko verktøy, men dette fekk BompiPappa endelig orden på i helga!! Deilig med privatliv igjen!No manglar berre dørhåndtak og lister. Alt til sin tid:)


Litt brødbaking må jo til i helga også slik at Bompijentene har å ta med i barnehagen. I tilegg til dei vanlege brøda tok eg litt av deigen å hadde i muffinsformer, heva dei opp, pensla med olje og litt havsalt på toppen. Det var kjempe godt!

Her er mykje gjort i helga. Håper du også har hatt ei god helg!

onsdag 10. april 2013

"Meg" tid på mitt rom!!!

  Da er mitt rom endelig ferdig! Eg har lenge ønska meg eit hobbyrom. Men det har ikkje blitt prioriert verken tid eller energi i å få det opp å gå. BompiPappa har lenge vore fortvila over mine mange prosjekter som litter å flyter litt. Det gav han inspirasjon til å dra i gang. Så her er altså min egen lille hule!




Dei gamle koffertene tilhøyde BompiPappa sin bestefar og har vore ute i verden å reist på sine yngre dager. Planen er å ein gang sette hjul på dei og bruke dei til oppbevaring i stova, men inn til den tid passer dei glimrande til garnlagring på mitt rom.

No skal eg sjå ein episode MadMen å strikk ferdig eit sitteunderlag til StoreBompi. 


Eg strikkar dei i restar av garnet: Fritigsgarn fra Sandnes
Eg har lagt opp 60m på pinne nr.5. 
Spendt på kor store dei blir ferdig tova!!

Håper du har ein fin dag! 
-ida-




fredag 5. april 2013

Betasuppe with a twist

På menyen i dag stod det betesuppe. Eg tenkte eg ville dele oppskrifta for eg laga denmed ein twist i dag å det blei kjempe godt!!! Dette falt ismak hor Bomijentene, og var kjapt ferdig!
Betesuppe with a twist.
4stk gulerot
1/2 liten kålrabi
4 poteter
1/2 purre
1liten løk
1 boks tomatbønner 
1pk strimla svinekjøtt
1l vann
1ss lys buljongpulver( husk å skjekkeat den er glutenfri vis det trengs)

Skjær grønnsakene i små biter( ca 1x1cm) og ha i ein passe stor panne.
Bland buljong og vann. Hell væska over grønnsakene og sett på kok.
Steik kjøttet og ha det i suppa. Når grønnsakene er nesten ferdig hell over boksen med tomatbønnene. Og kok opp.
Server med glutenfritt flattbrød og smør.
Namnamnam!! 





mandag 1. april 2013

Fra upraktisk til ny favoritt på 20 min.

  Eit lite fullfartprosjekt i solveggen før me gjekk på tur. 
Denne t-skjorta hadde ein blomst som haddeblitt ein klump. Kjempe upraktisk og lite pent.


Eg klippet vekk blomsten og sydde på ein regnbue med enkle broderings sting. Mine broderings kunnskaper er meget begrenset og det samme gjeld utstyret. Så nåla og tråden er for tjukke. Men det blei betre enn det var, og StoreBompi er kjempe nøgd!!


Eg har brukt : Broderigarn fra søstrene grene
                       Nål
                       Broderingsramme
                       Saks

Og så er det berre å setje i gang. Dette skal eg øve meg meir på. Kjempekjekt og gjort på 20 min. 
Ha einfin dag videre!


Påskemuffins!

Atter eit innslag på matfronten.

Påskemuffins!( glutenfri)

Ca 8 muffins
2egg
1-1,5 dl sukker
1dl malt havregryn
1dl schär melmix B
0,5dl jytte mel orginal.
1halv appelsin
0,5dl lett rømme
0,5 dl vann
1ts fiberhusk
50g smør

Sett ovnen på 175grader.
Pisk egg og sukker til eggedosis.
Mens den pisker skviser du juicen av appelsina,blander i rømme og vann. Det skal ikkje bli meir enn 1,5 dl væske tilsammen så vis det går over det dropper du litt vann. Bland i fiberhusk og la det svelle. Når eggedosisen er luftig blander du mel og bakepulver og sikter i. Vend det inn i eggedosisen. Smelt smør, og bland i væska.Vis væska enda er som graut, sper du med litt vann. Vend dette også inn i røra. Fyll formene ca 2/3 fulle. Eg synes det er godt med nokre appelsinbiter i, så eg skjærer opp 2båter i småbiter og dytter ned i formene. 
Steikes i ovnen i ca15-18 min. 

Denne oppskrifta liker eg til turmuffins. Det er litt meir mat enn vanlige muffins med havregryn i, og dei er litt friske med appelsinsmaken. Dei er veldig fort gjort og lage så eg lager dei på morgonen før me går på tur. Men eg veit dei kan bli litt tørre vismdei får stå i nokre dagar, men dei kan piffast opp med å dynke dei ørlitt med appelsinjuice. 
No er me akkurat ferdig å lage dei å dei står klar i nisteboksen for dagens tur. 



torsdag 28. mars 2013

Påskeferie!!!



Då var me godt i gang me påskeferien. Me tilbringer årets påske på hytta!! Her har me brukt dagene på aking, snømaling, snøhulebygging og solslikking!! 









No avslutter eg og BompiPappa med fyr i peisen og noko godt i glaset, og eg med strikketøy!Perfekt!! Håper du igså har ein super påskeferie! Me gleder oss til enda ein nydelig dag i morgon!!







mandag 25. mars 2013

Oooo store bakedag!



Eg er i "bakingmode" om dagen. Det er påske å me skal på påskefjellet på onsdag. Da synes eg det er litt koselig å ha med noko godt til jentene.  Derfor baka eg ein runde til med skillingsbollene og pizzapakker.

 
Pizzapakker er berre min måte å lage pizzahorn. Eg synes det er lettere å lage dei slik. 
I stede for å lage dei med pizzabunn deig laga eg dei med polarbrød deigen eg pleier å bruke. Oppskrifta finn du her på bloggen "Uten alt". 
Eg hadde også eg boks med tomatsaus som ligg oppskrift på her på bloggen min


. Dette er ei stor oppskrift, men sausen egner seg supert til frysing. 
Utenom det treng du:
 2 kjøttdeiger 
1løk 
Revet kvitost.

Eg steikte opp kjøttdeig og løk og rørte det inn i tomatsausen. Deretter fekk alt koke til passe konsistens. 
I mellomtida laga eg deigen. Då den var ferdig med forhevinga, kjevla eg ut deigen til ca 0,5 cm tykkelse. Eg skar den opp i ca 12x12 cm store firkanter. 
Ei god ss med fyll og ei lita klype oste er nok til kvar pizzapakke. Legg det på midten og løft hjørnene opp mot kvarandre. Knepp så igjenn saumene. Litt ost på toppen til slutt. Eg steikte dei i ovene på 250grader i ca 12-15 min. Super enkelt og dei blei kjempe gode! 


Akkurat no står det også to brød i ovnen. Håper dei blir like bra som vanlig! Føler glutenfri brødbaking kjem an på dagsformen. Eg kan bruke samme oppskrifta å få totlat forskjellig resultat. Oppsrifta på brøda finn du her


Det var den store bakedagen. No har eg litthusvask før ungene kjem heim fra barnehagen. 
Håper du får ein fin dag! Kjekt om du legg igjen ein kommentar! 

søndag 24. mars 2013

Glutenfri skillingsboller,vår og terassekos

Da bollebaking på gang her i dag. Me har nydelig vær å tenkte me skulle kose oss med litt boller på terassen. Eg har brukt samme som Vulkanbollene, men i dag hadde eg litt fastere deig(altså meir mel) slik at eg kunne kjevle den ut og lage skillingsbiller. Eg bytta også ut sukkeret med Splenda slik at BompiPappa med diabetes også kunne kose seg. Det funka kjempe fint! Her er nokre bilder






Q


Håper det er like fint der du er, og ønsker alle ein fin vårdag videre!





fredag 22. mars 2013

Heime aleine kveld!!



Koselig fredagskveld heime aleine = Tv'en skrudd av, fyr i peisen, nytt blad med bl.a strikke oppskrifter. 


BompiPappa er på spelejobb å eg nyter stillheten. Kjøpte også bladet "Sans" i dag, med ei ny oppskrift på tova tøfler:)  Eg har i strikka dei samme tova tøflene i mange år no (eg linker til denne oppskrifta nederst. Dei heiter firkant tøfler) , men eg elsker å prøve nye oppskriftet. Derfor var det ein "no brainer" når eg såg dei supersøte tøflene i bladet. Når eg også hadde rett tråd ligge blei det kveldens aktivitet.  


Eg strikker med Sandnes Garns Fritidsgarn, fargen lilla i str: 2-4år. Strikker to på ein gang, fordi eg hater å strikke to like av noko. 

Her et link til Firkant tøflene( eg blogger fra mobilen så det blir ein god gammeldags link): 
http://tonem.net/?p=1433

Håper du har ein fin kveld! Kjekt du tok turen innom her og kikka! 

onsdag 20. mars 2013

Superenkelt BRØD!!

Då prøvde  eg meg atter ein gang på brødbaking. Å denne gangen blei det knallbra!! Eg har hatt problemer med å lage eit brød som jentene har likt å ete. Mange brød har blitt kasta før nokon i det heile tatt har smaka på dei,men eg har forska videre på oppskrifta. Dette brødet har god smak, er saftigt, ikkje deigete, smaker ikkje gjær, og sist men ikkje minst; det er super duper enkelt å få til!!Her er oppskrifta:

Super enkelt brød( glutenfritt)
500g Spemer grov mix
250g schfär melmix B
75g mais mel
135g kvernet havre
50 g sesam frø
1 neve solsikketjerner
1pose tørr gjær
1ss fiberhusk 
1dl olje
1l vann

Bland alt det tørre
Bland lunket vann og fiber husk å la det svelle i 10 min. Ha i oljen.
Bland det tørre å vannblandingen i ein kjøkken maskin å la den gå i 5 min.
Fordel i 2 former. Deigen er veldig blaut. La den heve i ca 30 min. Pensle med litt olje og stikk den så den faller sammen. 
Eg setter brøda inn i kald ovn og steiker dei i 40 min etter ovnen er varm  på nederste rille....

Litt godt steikt denne gangen, siden eg satt fordjupa i ei god bok. 


Jentene elsker brøda og eg må ærlig innrømme at dette er det første brødet eg også har likt! Det har littet i brødboksen over natta å var ikkje så tørka så eg synes dei andre har vore tidligere.  Rett og slett kjempe fornøyd med resultatet. 
Vis du prøver oppskrifta blir eg veldig glad for tilbakemld. 

Håper du får ein fin dag!


tirsdag 12. mars 2013

Fotografen


BabyBompi og StoreBompi med matchende vester(enkel vest fra Pickels)
Copyright Jan Fredrik Leversund
Me fekk fotografering til jul hos svigermor. Det var litt ventetid, men me kom til i februar.Bilda blei kjempe fine. Dei er tatt av ein lokal fotograf som heiter Jan Fredrik Leversund. Eg tenkte eg ville dele nokre av dei her: 
Såpebobler er den store favoritten her i huset for tida.
Copyright Jan Fredrik Leversund 
                                                                          
Kjolene er fra NoaNoa.
Copyright Jan Fredrik Leversund
Nydelige StoreBompi.
Copyright Jan Fredrik Leversund 

Nydelige BabyBompi.
Copyright Jan Fredrik Leversund 
Tingelingjenta.
Copyright Jan Fredrik Leversund


Tingeling piruett.
Copyright Jan Fredrik Leversund 

Elegante Tingelingjenta. 
                                                                             Copyright Jan Fredrik Leversund
Tingelingjenta kan fly.
Copyright Jan Fredrik Leversund 

"Eg kaan fly mamma!!"
Copyright Jan Fredrik Leversund 

Her er heile familien. BompiMamma, BompiPappa, BompiBaby og StoreBompi.
Copyright Jan Fredrik Leversund 

Dette skulle hovudsakelig vere litt forsinka 1års fotografering. BabyBompi var ikkje i humør den dagen, men me fekk nokre fine bilder av ho. StorBompi derimot synes dette var heilt supert og poserte gladelig. 

No fortsetter kvelden her i strikking og TV titting med BompiPappa. Kva skjer hos deg i kveld?

-Ida-