tirsdag 30. april 2013

Action i kvardagen!

Når noko fyrst skjer her i huset, så skjer det som oftest mykje på ein gang!
For halvanna veke siden fekk me eit kjøkken av ein venn som skulle hive det. Eit heilt greit eikekjøkken fra 80 tallet. Med den tragedien me hadde som kjøkken var det ingen vanskelig avgjerelse å bestemme oss for å bytte til dette.
Nokre dagar før hadde eg vore hos ei venninde som driver fargeriket butikk. Ho hadde nokre restetapeter som skulle hives og lurte på om eg kunne tenke meg dei, svaret var enkelt her: "JAAA!!!!" Heilt okei, kvit med vertikale strukturstriper.
Mens me holdt på å jobbe med å få inn nytt kjøkken kom min snille snille pappa å sa at han ville kjøpe nytt golv til oss!!! Å vips så blei heile kjøkkene pussa opp for ein slikk og ingenting. Med ein trang økonomi er dei ikkje like enkelt å pusse opp eit hus fra 1946....Føler meg heldig med så mange snille mennesker i livet mitt!
BompiPappa har jobba å stått på, med hjelp fra svigerfar og min pappa har me fått det opp å gå på under ei veke.

Slitsomt mens det står på men fantastisk når det no står nesten ferdig.
Her er nokre bilder av det gamle, prosessen, små hjelpere og det "nye" litt rotete etter dagens middagslaging:)











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar