torsdag 31. oktober 2013

Leeeenge siden sist!! But I'm back:)

Då var det veldig lenge siden eg har blogga! Mykje har endra seg her i huse. I august fekk eg diagnose brystkreft. Eg er no i behandling med cellegift, og det går fint så langt. Håret er vekke, men ikkje motet og håpet om å blir rakst frisk:)Hårlause meg og storebompi


Eg sit og på skulebenken igjen og tar norsk på høgskulen. 
Skulen er berre to dagar i veka, å me ganske mykje fritid så blir det mykje strikketid( når formen er fin)!!

Det blir også litt tid til glutenfribaking. I går baka eg glutenfri polarbrød og glutenfri krumkaker. Oppskrifta finner du på bloggen Uten alt . Både polarbrøda og krumkakene vart kjempe gode! Då er offisielt julebaksten åpna for i år her. Begynner tidlig i år, i tilfelle formen ikkje held seg så bra utover. Synes glutenfri julekaker er vanskelig enda. I fjor laga eg ristoppar, kokos makroner, pikekyss og kakemenn. Kakemenna vart ingen suksess, men resten funka bra! I år har eg planar om dei eg skriv over her+ krumkaker, pepperkaker,pletter og noko me kallar colakaker(dei smakar ikkje cola, men er gode). Det er godt mulig denne planen blir endra, men det er utgangspunktet.

Ellers vil eg også reklamere for eit veldedig formål eg alltid prioriterer å støtte på denne tida.
Kirkens bymisjon gir ut middager til jul. Dei går til dei som ikkje har noko plass å feire jul. Eg synes dette er ein fin liten gest å gjere no når det nermer seg juletider! 80kr er liten sum i forhold til gleda ein gir:) Julegavetips: Mine besteforeldre har alt, så i jule gåve til dei har eg og gitt ein middag til kirkens bymisjon i deira navn.

På pinnane for tida har eg ein genser til meg. Eg pleier aldri å lage noko t megsjølv, men no prøver eg meg. Det måtte bli noko som ikkje var for tynne pinnar, slik at eg ikkje går lei men faktisk strikkar ferdig. Dette blir spennande!
Garn: Sandnes Alpakka og Faerytale
Oppskrift: Dorthe genser
Pinne: nr 7

Då skal eg strikke litt videre. Om nokon har gode glutenfri julekake oppskrifter så blir eg kjempe glad for tips!
Kjekt om du legg igjen ein kommentar vis du har noko hyggelig å sei!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar