lørdag 10. august 2013

Svipptur innom med ei oppskrift!

Eg har vore passiv på bloggen i vår/sommer. Det har vore super travelt, og eg skal komme tilbake med litt frå dei travle dagene:)
I kveld har eg hatt trivlig kveld med mat og vin. Eg ville dele oppskrifta på tacokake i min versjon som er suuuper enkel og veldig god. Den virker veldig simpel men er hysterisk god.

Enkel tacokake

Dette trenger du:
I pk tortillialefser
1pk kjøttdeig( eg brukte 400g)
1pk tacokrydder
1glass salsa saus
1pk coop cream chees (el philadelphia ost)
Revet kvitost el mozarella
1 avocando
1 beger rømme
Ei rund kakeform

Tacokaka:
Steik kjøttdeigen og tilbered tacokrydderet etter annvisning men med halvparten av væska.
Tilsett cream chees begeret og halve glasset med tacosaus. Rør til alt er blanda inn.
Legg ei tacolefse i bunnen av kakeforma, legg lag på lag med kjøttsaus og tacolefse, avslutt med lefse. Strø ost på toppen og sett i ovnen på 190 grader til osten er gylden.

Tilbehør:
Rømme
Testen av salsasausen
Guacamole:
Rull avocadoen mot kjøkkendisken med skallet på så den blir mjuk. Del den i to og ta ut steinen.
Grav ut avocado"kjøttet" med ei skei og ha i ei skål.
Knepp med ein gaffel i lag med 2 ss olje, 1ts salt, 1ts pepper og 3-4 dråper sitronsaft( valgfritt) til konsistensen er grøtaktig.

Namnamminam!!!! Serveres som kakestykker og tilbehør etter eige ønske!
Denne oppskrifta er IKKJE GLUTENFRI(!!!!) Eg har ikkje funne gl.fri tacolefser som eg liker enda, men lurer på om eg skal prøve å lage. Skal komme tilbake om det vert velukka glutenfritt!
Velbekomme:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar