tirsdag 30. april 2013

Action i kvardagen!

Når noko fyrst skjer her i huset, så skjer det som oftest mykje på ein gang!
For halvanna veke siden fekk me eit kjøkken av ein venn som skulle hive det. Eit heilt greit eikekjøkken fra 80 tallet. Med den tragedien me hadde som kjøkken var det ingen vanskelig avgjerelse å bestemme oss for å bytte til dette.
Nokre dagar før hadde eg vore hos ei venninde som driver fargeriket butikk. Ho hadde nokre restetapeter som skulle hives og lurte på om eg kunne tenke meg dei, svaret var enkelt her: "JAAA!!!!" Heilt okei, kvit med vertikale strukturstriper.
Mens me holdt på å jobbe med å få inn nytt kjøkken kom min snille snille pappa å sa at han ville kjøpe nytt golv til oss!!! Å vips så blei heile kjøkkene pussa opp for ein slikk og ingenting. Med ein trang økonomi er dei ikkje like enkelt å pusse opp eit hus fra 1946....Føler meg heldig med så mange snille mennesker i livet mitt!
BompiPappa har jobba å stått på, med hjelp fra svigerfar og min pappa har me fått det opp å gå på under ei veke.

Slitsomt mens det står på men fantastisk når det no står nesten ferdig.
Her er nokre bilder av det gamle, prosessen, små hjelpere og det "nye" litt rotete etter dagens middagslaging:)











torsdag 25. april 2013

Travelt!!!!

Lite blogging om dagen. Er travelt opptatt med kjøkkenoppussing! Lover å komme sterkt tilbake over helga! 

Vil berre tipsa om ein superfin give away på denne bloggen her. For ein flott premie, og ein kjekk blogg å følge! Låner bilde av premien fra bloggen.

søndag 14. april 2013

Travel helg!!

  Travel helg!! Me har, i snart 4mnd, hatt tele i jorda slik at hageoppussingsprosjekta har stoppa heilt opp. Til min store frustrasjon fordi eg hatar når alt står på hode å ein ikkje ser heilt enden på det heile. Men no, endelig, har frosten sluppet taket å eg var ute å jobba å spadde i jorda heile fredag og laurdag. Fekk litt hjelp av BompiPappa og StoreBompi på laurdag i gravemaskin. Eg skal legge ut endelig bilde når jobben er ferdig, men her er eit jobbebilde.

Det er mykje som er blitt orden på i helga. Eg har fått badedør. Me har gått i fire dager uten badedør, grunna me mangla noko verktøy, men dette fekk BompiPappa endelig orden på i helga!! Deilig med privatliv igjen!No manglar berre dørhåndtak og lister. Alt til sin tid:)


Litt brødbaking må jo til i helga også slik at Bompijentene har å ta med i barnehagen. I tilegg til dei vanlege brøda tok eg litt av deigen å hadde i muffinsformer, heva dei opp, pensla med olje og litt havsalt på toppen. Det var kjempe godt!

Her er mykje gjort i helga. Håper du også har hatt ei god helg!

onsdag 10. april 2013

"Meg" tid på mitt rom!!!

  Da er mitt rom endelig ferdig! Eg har lenge ønska meg eit hobbyrom. Men det har ikkje blitt prioriert verken tid eller energi i å få det opp å gå. BompiPappa har lenge vore fortvila over mine mange prosjekter som litter å flyter litt. Det gav han inspirasjon til å dra i gang. Så her er altså min egen lille hule!




Dei gamle koffertene tilhøyde BompiPappa sin bestefar og har vore ute i verden å reist på sine yngre dager. Planen er å ein gang sette hjul på dei og bruke dei til oppbevaring i stova, men inn til den tid passer dei glimrande til garnlagring på mitt rom.

No skal eg sjå ein episode MadMen å strikk ferdig eit sitteunderlag til StoreBompi. 


Eg strikkar dei i restar av garnet: Fritigsgarn fra Sandnes
Eg har lagt opp 60m på pinne nr.5. 
Spendt på kor store dei blir ferdig tova!!

Håper du har ein fin dag! 
-ida-




fredag 5. april 2013

Betasuppe with a twist

På menyen i dag stod det betesuppe. Eg tenkte eg ville dele oppskrifta for eg laga denmed ein twist i dag å det blei kjempe godt!!! Dette falt ismak hor Bomijentene, og var kjapt ferdig!
Betesuppe with a twist.
4stk gulerot
1/2 liten kålrabi
4 poteter
1/2 purre
1liten løk
1 boks tomatbønner 
1pk strimla svinekjøtt
1l vann
1ss lys buljongpulver( husk å skjekkeat den er glutenfri vis det trengs)

Skjær grønnsakene i små biter( ca 1x1cm) og ha i ein passe stor panne.
Bland buljong og vann. Hell væska over grønnsakene og sett på kok.
Steik kjøttet og ha det i suppa. Når grønnsakene er nesten ferdig hell over boksen med tomatbønnene. Og kok opp.
Server med glutenfritt flattbrød og smør.
Namnamnam!! 





mandag 1. april 2013

Fra upraktisk til ny favoritt på 20 min.

  Eit lite fullfartprosjekt i solveggen før me gjekk på tur. 
Denne t-skjorta hadde ein blomst som haddeblitt ein klump. Kjempe upraktisk og lite pent.


Eg klippet vekk blomsten og sydde på ein regnbue med enkle broderings sting. Mine broderings kunnskaper er meget begrenset og det samme gjeld utstyret. Så nåla og tråden er for tjukke. Men det blei betre enn det var, og StoreBompi er kjempe nøgd!!


Eg har brukt : Broderigarn fra søstrene grene
                       Nål
                       Broderingsramme
                       Saks

Og så er det berre å setje i gang. Dette skal eg øve meg meir på. Kjempekjekt og gjort på 20 min. 
Ha einfin dag videre!


Påskemuffins!

Atter eit innslag på matfronten.

Påskemuffins!( glutenfri)

Ca 8 muffins
2egg
1-1,5 dl sukker
1dl malt havregryn
1dl schär melmix B
0,5dl jytte mel orginal.
1halv appelsin
0,5dl lett rømme
0,5 dl vann
1ts fiberhusk
50g smør

Sett ovnen på 175grader.
Pisk egg og sukker til eggedosis.
Mens den pisker skviser du juicen av appelsina,blander i rømme og vann. Det skal ikkje bli meir enn 1,5 dl væske tilsammen så vis det går over det dropper du litt vann. Bland i fiberhusk og la det svelle. Når eggedosisen er luftig blander du mel og bakepulver og sikter i. Vend det inn i eggedosisen. Smelt smør, og bland i væska.Vis væska enda er som graut, sper du med litt vann. Vend dette også inn i røra. Fyll formene ca 2/3 fulle. Eg synes det er godt med nokre appelsinbiter i, så eg skjærer opp 2båter i småbiter og dytter ned i formene. 
Steikes i ovnen i ca15-18 min. 

Denne oppskrifta liker eg til turmuffins. Det er litt meir mat enn vanlige muffins med havregryn i, og dei er litt friske med appelsinsmaken. Dei er veldig fort gjort og lage så eg lager dei på morgonen før me går på tur. Men eg veit dei kan bli litt tørre vismdei får stå i nokre dagar, men dei kan piffast opp med å dynke dei ørlitt med appelsinjuice. 
No er me akkurat ferdig å lage dei å dei står klar i nisteboksen for dagens tur.