mandag 7. januar 2013

Utenom planen dagen

I dag var dagen når alt anna blei gjort. Planen var husvask,brødbaking og rydde vekk jula. Det endte med handling, pasta/pizzasaus laging, og kakebaking. Alt nyttigt forsåvidt, men ikkje det som skulle bli gjort. Men eg tenkte eg skulle dele dei to oppskriftene eg har nytta i dag.

Pizza/pasta saus:

1 løk
2-3fed kvitløk
En god dæsj olivenolje
5 bokser med hakka tomater
3-4 soltørkatomater
*1boks cocosmelk
Fersk basillikum, oregano
Satlt og pepper.
3ss sitronsaft
2ts sukker

Finhakk løk og kvitløk og surr dei i ei passe stor panne sammen med olja.
Ha i tomatene( kan også ha i litt ferske tomater, det berre hever smaken)
*eg har i ein boks med cocosmelk, den gir ein mild god smak som mine unger liker. Liker du best vanlig tomatsaus kan den droppes.*
La det koke opp. Ha i basillikum, oregano( kan også bruke tørket), soltøka tomat og sukker. Smak til mengden av urtene. Smak tilslutt til med salt og pepper. La det heile kose seg på middels sterk varme, det skal ikkje koke, i ca 15 min. Bruk stavmikser til den får fin konsistens

Eg deler dei opp i 5 porsjoner og frys dei.
Denne oppskrifta bruker eg til pasta, pizza, lasange saus. Den er også god som ein milt tikamasala lignende rett med kylling og ris. Då bruker eg 2 porsjoner og tilsetter eg litt fersk chilli, paprikapulver og ein god dæsj soyasaus når eg varmer det.

Dette er mykje bedre og MYKJE billigere enn kjøpesaus!!
Det blei pizza til middag her i dag! Eg jobber med å lage ein god pizzadeigoppskrift, men den treng enda litt justering. Vis nokon har god glutenfri pizzabunnoppskrift blir eg glad for den i kommentarfeltet!

Eg har lenge berre laga toros brownies pose for den synes eg er super. Men den kjem ikkje som glutenfri. Derfor børsta eg støv av den gamle, SUPER enkle browniesoppskrifta eg brukte før og prøvde den som glutenfri i dag. Resultatet blei ikkje feil. Denne kaka kan lagast med vanlig kveitemjøl å blir like god.

Glutenfri brownies:
250 g meierismør ( eller vanlig smør så tilsetter du ei lita ts salt)
150g 70%kokesjokolade eller anna mørk sjokolade
4 egg
150g sukker
100g melis
150g glutenfritt mel(kakemiks)
2sskakopulver
2ts ingefær

Sett ovnen på 175 grader.
Smelt smør og sjokolade på middelsterk varme. Sett det til kjøling i kjøleskapet. Pisk eggedosis av egg, sukker og melis.
Sikt inn mel,kakao og ingefær. Vend det forsiktig inn i eggedosisen. Når sjokolade/smørblandingen ikkje er varm lengre, vend den også inn i eggedosisen.
Hell røra i ei smurt lita langpanne, ca 20*30 cm. Inn i ovnen i ca 25-30 min.

Håper du liker oppskriftene!!

Takk for du stakk innom. No skal eg kose meg med eit stykke kake! Ha ein fin kveld videre, og legg gjerne igjen ein kommentar under!










I blog with BE Write

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar