torsdag 3. januar 2013

Kvardag igjen!

I dag var den store dagen endelig her for bompijentene mine! Dei skulle få gå i barnehagen igjen. Etter ein koselig juleferie skulle det bli godt å komme i rutine igjen, sjå venner og la kvardagen begynne. Til storebompi sin store fortvilelse måtte ho være heime mens babybompi lykkelig trippa avgårde.

Storebompi hadde sneke til seg ei vanlig kakemann i selskap hos svigers i går. Den kom i retur ut på kvelden å ho var ikkje klar for senga før kl var 12. Av og til blir fristelsen for stor når dei glutenfrie kakene ikkje ser like fristande ut som dei andre.

Men etter å ha sove frampå i dag var ho klar for ein ny dag ho også. Me har ikkje vore så lenge i denne cøliakiverden. Å enkelte ting overrasker meg enda. Ho sov frampå til kl 11 i dag, å kl 3 hadde ho seg ein 30min kvil. Ho har klaga over at ho har vore sliten i heile dag, og sovna for kvelden kl hall7! Dette har skjedd kvar gong ho har fått i seg gluten. Eg veit ikkje om dette er vanlig for cøliaki, men det er i allefall det for henne.

Me fekk gjort ein del alikevel. Me hadde oss ein handletur der storebompi fekk brukt noko julegavepengene sine. På lista stod det :Klatremus bok, Disneys to på rømmen og pocahontas. Eg fekk ein av mine ting på lista: helkebok om bestemorsruter. Boka Kreativ mamma stod også på lista, men den var ikkje å oppdrive.

Ein liten tur på gjenbruken blei det også. Der fann eg ein skinnsekken(bilde nederst). Då eg gjekk på skule hadde min bror ein slik sekk, å eg ønska meg så ein slik sekk. Eg betalte 20kr for den. Tenker eg kommer nok til å piffe den litt opp i eit kreativt øyeblikk, men det får bli ein anna dag.

Storebompi fekk også ein sårt etterlengta hårklipp. Hos frisøren kjøpte me ein genial hårbørste som ikkje lugger ei hårsår prinsesse. Den beste invisteringen me har gjort i 2013!

No har roen senka seg i heimen, eg er ikkje heilt i slaget å har tatt kveld med netflix på ipaden, varm melk og honning i koppen og ein ny kjøkkenfille på heklenåla.

Kjekt du stakk innom å leste. Håper du får ein finfin kveld!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar