torsdag 24. januar 2013

Vulkanboller

På laurdag skal me i 4årsdag. Mammaen til 4åringen har også ein unge med matalergi, så ho ville bake ei glutenfri kake til storebompi. Det er superkjekt når andre foreldre vil lage "spesialmat" til oss! Men eg synes også det er greit å ta med noko så storebompi har noko å velga mellom. Derfor tenkte eg å bake boller. Det beste storebompi viste før ho fekk cøliaki var kanelboller. Det har eg ikkje fått til å lage luftige og gode. Men eg har ei kjempe god bolleoppskrift. Då prøvde eg noko nytt. Eg kaller dei vulkanboller.

VULKANBOLLER
Deig:
50g fersk gjær
6dl melk
2ss fiberhusk
5ss margarin
1 egg
1dl sukker
1ts kardemomme
Mjølet til passe deig( fin blanding)

Fyll:
80g romtemperert margarin
0,5dl sukker
6ss kanel

Forvarm ovnen til 250 grader. Smelt margarin. Varm melka til 37grader, løys opp gjæren i melka. Ha i fiberhusk å la den svelle i ca 10 min.
Ha litt av mjølet i ein kjøkkenmaskin, ha i sukkeret og kardemomme. Bland melka og margarinen og ha det også i kjøkkenmaskinen. La maskinen gå mens du pisker egget litt med ein gaffel, og ha det i balndingen. Ha mel i til passe deig. Deigen skal være så løs at den kan sprøytes gjennom ei kakesprøyte (uten tipp), men ikkje så løs at den flyter utover. Sprøyt bollene på eit bakepapir eller i store muffinsformer.
Rør sukker, smør og kanel til ein masse. Ta ei ts av fyllet og knepp det litt ned i kvar bolle.

Etterhev bollene i ca 20-30 min. Steik bollene midt i ovnen i ca 10 min. Avkjøl på rist.

I dag knepte eg fyllet litt for langt ned, men til vanlig renner det litt nedover som ein vulkan.


Dei blei ikkje så fine denne gangen men kjempe gode!
Namnam, no skal me kosa oss litt. Ha ein finfin kveld! Legg gjerne ein kommentar!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar