lørdag 12. januar 2013

Making mozarella= Ida gjer ting ho ikkjekan!!

Eg fekk eit gavekort på vår lokale hobbybutikk av ei venn til jul. Elsker å få slike gavekort som eg kun kan bruke på meg sjøl! Derfor hadde eg meg ein liten tur oppom stoffbua som butikken heiter. Eg fekk også  ei bok av min kjære til jul som endelig kom for nokre dagar siden. Navnet på boka er "Kreativ mamma" av Karine Østtveit
Denne kan eg anbefale på det sterkaste for kreative skjeler!! Med hode stappa fullt av gode idéer blei hobbybutikken neste stopp. Det eg kom heim med var krympeplast, porselenstusjer, tekstiltusjer. 

Planen var å sette i gang med eit kreativt verkste med jentene her i dag, men når Storebompi våkna med 40i feber måtte planen endrast. Det einaste ho har orka i dag er å ligge å kvile å tette på tv. Besto (min mor) kom å henta babybompien berre for litt kvalitetstid. Det endte med ein del dødtid for meg i dag då. Eg har lenge hatt lyst å prøve å lage ost. Etter å ha lest litt rundt, på nettet, i bøker osv. Fann eg denne i ei gammel oppskriftsbok, som eg låg i gibort korga på gjenbruken for ei tid tilbake siden,oppskrift på mozarella ost. Den mangler permen,dei første og dei siste sidene, så eg aner ikkje kva for ei bok det er. Oppskrifta er som følger:

Mozarella ost.
5dl h-melk
2dl kefir
1ss salt

Kok opp melka, du ser den er nær kokepkt når den skummer seg langs kanten på panna. Ta panna til side og skru ner komfyren til middelsvarme. Ha i kefiren og saltet. Sett det tilbake på plata og kok det sakte opp. Då vil du sjå at melka skiller seg. Det er klart når noko i melka klumpe seg og noko vil sjå ut som gult vatn. Legg eit kjøkkenhåndkle i ei mjølsil. Deretter siler du "melka" i hånkle og sila. Løft hjørnene av hånkle opp og form massen som er igjen til ein mozarellaball. Pakk ballen inn i plastfilm for å legge dentil avkjøling. 

I mi oppskrift stod det at den skulle ligge på tørkepapir ei god stund å tørke, men då synes eg den blei veldig tørr. Den andre eg laga vart mykje bedre.  Smakte kjempe godt med tomat på knekkebrød med pepper på. Namnam! Det beste var kanskje det at det tok ca 30min å lage det. 

                                                                                                       
                                                                                                 
                                                         
    

Då skal eg kose meg med ein minipizza med heimelaga mozarella til kvelds! Ha ein fin kveld! Kjekt om du legg igjen ein kommentar om du har noko på hjerta!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar