onsdag 27. august 2014

Glutenfri 3-årsdagselskap!

I dag har me hatt barnebursdag for lillebompi. Tenk ho har blitt 3 år....
Eg har nokre års erfaring med glutenfrie barnebursdagskaker, men lillebompi hadde ymse ynskjer for serveringen i selskapet. Ho likar ikkje pølse , så ho ville ha pizza. Me pleier å baka pizzabunnen frå "God mat, enkelt og greit" av Rita Hellesund. Denne boka er heilt super og kan virkelig anbefalast. Men i vår travle kvardag no til dags, blei da gjort enkelt = pizzabakerens glutenfri pizza.
Ho ville også ha sjørøvermuffins og "bærkako med bilar"(Pavlovakake)
Bursdagsjenta får jo viljen sin så eg har baka i heile dag.
Tenkt eg skulle dele oppskriftene. Cupcake´ene er eg som har modifisert ei oppskrift eg bruker til å lage vanlige cupcakes.

GLUTENFRI CUPCAKES

130 g smør (romtemperet)
180 g sukker
3 egg
2 ts bakepulver
120 g fint glutenfritt mel ( eg bruker semper mix)
45 g maizenna mel
1 dl melk

Slik gjer du:
Pisk smør og sukker, rør i eit og eit egg.
Balnd det tørre saman, og rør inn  i røra litt etter litt. Ha i melka til slutt. Eg gjer det heile i min fantastisk kenwood maskin, men det kan også gjerast for hand. 
Det heile steikes på 200 grader midt i ovnen, i ca 15+ min. 

Pynt - Smørkrem

100 g smør (romtemperert)
300 g melis 
1 ts vaniljesukker
3 ss oboy
1ss kakao
3ss melk

Slik gjer du:
Rør saman smør og melis i maskin. Ha i resten og kjør til fin glatt konsistens. Vis kremen er litt blaut, sett den i kjøleskaper i 10 min å ha den i ein sprøytepose.

Her er det endelige resultatet : 





Pavlovakaka er men svigerinnes oppskrift. Eg synes den var suprenkel å få både fin og god. Lillebompi skulle jo ha "bilar"-kake. Då bruket eg blåbæra til å lage ein "veg" og pynta med lynet mcqueen og ein taubil eg ikkje kjenner namnet på. Det er ikkje den vakkraste kaka eg har pynta men bursdagsbarnet var særs nøgd:)

PAVLOVA KAKE- alla Linda

6 store eggehviter
350 g sukker
1 knivsodd salt
1 ss maizena mel1 ss balsamiko eddik

Slik gjer du: 
Pisk eggehviter, salt og halvparten av sukkeret til myk marengs. Tilsett resten av sukkeret og pisk til det blir en tykk.stiv og blank marengs.Vend inn siktet maizena og eddik.
Hell røra i ei lita langpanne eller 28 rund form.

Stekes på 150 grader i ca 1 time. ( kanskje litt mer.)

Fyll: 1,5 dl pisket krem.
Halv pakke med vaniljekrem
500 g friske bær

Tips: Har en ikke tilgang til ferske bær, er det også godt med kiwi, ananas, baner og andre frukter.
Det er ikke så lurt å bruke frosne bær, for da trekker saften seg igjennom alt, og gjør kaka vassen.
Er også godt med reven sjokolade oppå bærene/frukten.


Her er det endelig resultatet for pavlovakaka:



Lillebompi var kjempe nøgd med både kaker og selskap, og no har roen senka seg i villavirvar. 

No skal eg prøve å vere litt flinkare å blogge litt om kva me lagar og korleis livet i Villavirvar er igjen. 

Det var hyggelig at du tok turen innom, og det hadde vore kjekt om du legg igjen ein kommentar!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar