lørdag 2. mars 2013

I win, I win!!

I dag prøvde eg etter eing gang meg på glutenfri brødbaking. Denne gangen blei det ei skikkelig fadese, og to glade kaniner kunne kose seg med 3 nysteikte brød. Så da blir det polarbrødbaking i morgon. No har eg litt lyst å gi opp brødbakinga, så det blir nok ein pause i prøving ei stund. 

I dag har me også kosa oss på basar. Og me vann fleire kjekke premier: ein termos, ei strømpebukse, ein boks såpebobler, tennbriketter i dekorert boks og ei flott bok av Kolbein Falkeidet om haugarlandet. Der var også masse gode kaker og trivelige mennesker. 
Basar er eit gledelig minne fra min barndom. Men eg kan no forstå at min mamma altid synes det var litt stress og kav å gå. Storebompi synes dette var heilt supert, babybompi der i mot ville helst berre turne rundt på scenen i premiene til arrangørene og min store fortvilelse. Godt Pappaen var med å kunne ta den pinelige jobben med å hente ho ut av "rampelyset" når det blei for gale!



I dag fekk eg også bilene eg har framkalla etter me var hos fotografen. Tenkte eg ville nokre av dei i eit blogginnlegg. No blogger eg fra ipaden så eg må vente til maskinen er oppe å går.

På pinnene i kveld er det ein hals. Det er eit restegarnprosjekt av ulike sorter tynn alpakka. Fargene til slutt skal bli mørk grå, lys grå, kvit, og lilla. Eg la opp 150m så strikker eg det eg føler for den kvelden. Nokre fletter, litt riller, litt glattatrikk osv. 



Dårlige bilder i dag, det er mobilbilder med dårlig lys, men det er kjekkare med bilder enn uten. 

Håper du også har hatt ein fin dag! 
Hyggelig om du legg igjen ein kommentar vis du er innom:)!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar