tirsdag 12. februar 2013

Ettermiddags prosjekt!

I dag har me kosa oss å laga custom made t-skjorter. Dette var midt i blinken for den største og den minste bompibjørnen! Dei er kjempestolte av resultatet sjølv, og gledes seg til å ha dei på i barnehagen på torsdag. Dette var eit fint fullfart prosjekt. Me brukte ein liten halvtime, men me kunne også brukt lengre tid og pynta meir. Eg synes ofte det er vanskelig å finne på gøyale ting å gjere i det korte tidsrommet mellom middag og barnetv dei dagene eg er seint ferdig på jobb. Dette var midt i blinken!!

Dette brukte me:
Tekstiltusjer
Lysfarga tøy, i dette tilfelle t-skjorter og en body

Dette skulle eg ønskt me hadde:
Ei broderingsramme

Det vart vanskelig å teikne noko anna enn streker, siden stoffet var så elastisk at det flytta seg med tusjen.

Her er resultatet

Eg skal legge ut actionpics når dei er tatt i bruk.

No eter jentene kvelds å ser barnetv og eg får meg 5min med dagens strikk.
På pinnene i dag er det "selbuvotter" som skal bli 30årsdags gave.



Godt eg har litt god til, siden fleirfargastrikk ikkje heilt er mi greie.

Håper du får ein finfin kveld. Kjekt om du legg igjen ein kommentar om du er innom!

-Ida-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar