torsdag 7. februar 2013

Eplekake- og banan/sjokolade muffins

Me skal atter en gang i 4års dag. Denne gangen ønsket storebompi seg muffins. Eg er kjempe lei av vanlige kjedelige muffins. Denne gangen blei det eplekake muffins, og sjokolade/banan muffins. Eg bruker ei oppskrift eg har modifisert frå ein av mine ikkjeglutenfri oppskrifter. Her er mi oppskrift på glutenfri muffins:

Glutenfri eplekake- og sjokolade/banan muffins
 
Grunnoppskrift:
3egg
3dl sukker
4,5dl shafer melmix C
1,5ts bakepulver
2ts vaniljesukker
1,5dl melk
75 g smør

Pisk egg og sukker til eggedosis. 
Sikt det tørre  i, og vend det inn i røra.
Smelt smøret å la det kjøle seg litt, mens du vender inn melka.
Vend til slutt inn smøret.

Del røra i to:
Eplekakemuffins.
Eg skrella 2 epler og delte dei med ein epledeler, la ein båt i kvar muffinsform(fordel med silikonform siden den er litt stivererog sklir ikkje ut). Fyll så forma 3/4 full med røre. Ha på litt kanel og litt sukker på toppen. Det gjer ingenting op eple stikk litt opp. 

Sjokolade/bananmuffins.
Sikt i 2 ss kakao i røra. ( 4vis du lager av heile røra). 
Eg deler banana i fire på tvers og kutter dei ca 0,5 cm lange. Deretter legger eg 6-8 biter i kvar muffinsform. Fyll formene 3/4fulle. Tilslutt tar eg ei tskje å rører opp bananen så den ikkje ligger på bunnen. 

Steik dei i ovnen på 200graden i 15-20 min. stikk i dei for å sjå om dei er ferdig. Det blei 24 muffins.

Muffinsane blei suuper gode. Dette er veldig søte muffins. Vis du vil ha dei litt mindre søte kan ein bruke 2dl sukker i grunnrøra. 




Lenge siden eg har skrvet no,  men det har vore travle dagar. I helga som var kom riksteateret hit med hakkebakkeskogen. Eg og storebompi har gleda oss i vekesvis. Me har leseboka, lært oss sangane, og kom godt forberedt til teater. Eg elsker teater, i nesten alle former. Me har eit kjempe bra "lokalteater" som er flinke å sette opp barne og ungdomsforestillingar. I haust var det kardemommeby og me har vore på fleire. Storebompi synes det er heilt fantastisk gøy å gå på teater, og ikkje minst å få gjere noko berre me store jentene, uten babybompi på slep! 

Klar til dyrene i hakkebakkeskogen!! Forventningane er stor hos små og hos store
Storebompi som klatremus.

Popcornkos er ein del av det heile når me er  teater.

No skal eg å storebompi pakke prinsessekofferten å sette nesa mot bergen. Det er storebompis søskenbarn som bur i bergen som fyller 4 år, å me seier aldri nei stil ein jentetur til byn! Ha ei superfin helg! Håper muffinsene smaker:) legg gjerne igjen ein kommentar! Alltid glad for feedback!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar