lørdag 8. desember 2012

Lørdagsbarnehage

I dag har me besøk av dei skjønne tantungane våre. I løpet av 5minutt ser det ut som om det har skjedd ein enorm eksplosjon i huset.
På tross av dette er det koselig me lyd i huset på ein laurdag. Det glitrer i "diamanter" og det er høg tyllføring, fine sko å hårpynt.

Grauten er i ovnen å godgjer seg, mens eg har fått ferdigstillt nåken "tingtartid" prosjekt.

Det ligger ein del TTT prosjekt rundt om. Er det ikkje rart korleis enkelte ting berre ikkje blir gjort. Eg er håplaus med å gjere ferdig ting. Normalt sett gjenstår det berre å feste tråder, felle av eller sy saman. Men eg slit også med einsokk-, einfot- og einarmsyndromet.

I dag er det 4 vaskekluter, som berre hadde lause tråder, som endelig er ferdige.
Her i huset elske me heimalaga kjøkkenkluter. Dei kjem i nydelige farger (av eget ønske), dei er av bomull så dei absorberer faktisk vaten, og dei held bedre enn kjøpe kluter.

Eg kjøper bomullstråd av rimligeste sort, på nille eller europris. Legger opp 60m å strikker enten riller eller 1r og 1vrang. Enkelt å fort gjort (når eg berre får somla meg til å feste trådene)
Den eine er allerede tatt i bruk i dag, men her er eit bildeav dei tre andre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar