lørdag 15. desember 2012

Juleverksted!!

No kom endelig laurdagen. Den er det to jenter som har gleda seg veldig til her i huset.

Det er graut, laurdagsgodt og film. Men denne laurdagen glera iallefall storebompi seg ekstra til. Me har nemlig hatt juleverkstad i dag.

Me la lista lavt på juleverkstaden i år. Me skulle lage hjertelenker. Dette var ein ide eg fekk hos ei venninde av meg. Det går egentlig ut på å klippe papirstrimle og stifte dei samman til hjerten med stiftemaskin. Storebompi var med i klippekomiten og i stiftekomiten ( å det var vel egentlig alle komitene). Me laga store og små, lange og korte.

Stor hjertelenke

Hjertelenke med store hjerter

Små hjertelenke

Hjertelenke med små hjerter

Arbeidsbordet til et rotehode, 

ein 3åring og ein 1,5 åring.


Når Storebompi som er 3år skal klippe blir det ein del "rester". Me hadde kjøpt fint papir for anledningen og eg synes det var dumt å kaste det. Så når alle lenkene var ferdig, samla me alt avklippet å tok alle deler som var store nok å skreiv til/fra lappar av. Tilslutt limte på glittersnøfnugg klistermerker på. Storebompi var veldig fornøyd, å eg hadde spart meg turen med å kjøpe til/frålappar. Ikkje minst vart dei svært sjarmerande og personlige.

Til/Fra lappar

Personlig og kreativt er litt temaet hos oss denne jula. Eg har laga 15 presanger i år, å kjøpt 4. No har me laga tilfrålappar, å då fekk eg litt inspirasjon til å kanskje lage innpakkingspapiret også. For to år sidan laga eg å Storebompi julegavepapir. Me kjøpte gråpapir og mala først med grønn og dagen etter mala me med rød. Det var ein kjempe hit. Kan anbefalast til barn i alle aldrer. 

 Alt i alt var dette eit velykka juleverkstad. Babybompi tegna. Det er ikkje så mykje ho egentlig har tolmodighet til å være med på, men ho bodrog med sitt "sjarmerende jeg"

På middagsmenyen i dag stod det graut. Det har me kvar laurdag og det er livretten til Storebompi. Me lagar alltid dynegraut. Då kan eg koke opp grauten mens jentene ser barnetv om morgonen. Deretter vert panna pakka inn i avispapir og opp i senga til godgjering. Aldri meir svidd graut, aldri meir tolmodighetsprøven med å stå ein time å røre og sist men ikkje minst super enkelt.

For nokre dagar siden laga eg nokre hekla tøfler som skulle tovast. Dei vart laga i ein 2-tråds ullgarn eg fann på gjenbruken til 15kr nøste. Eg har aldri tova dette garnet, men det var jo 100% ull så eg trudde det skulle gå finfint. No har dei vore tre runder i vaskemaskinen og er endelig ein fornuftig størrelse.

Retro tøfler in the making

Det endelige resultatet.

Roen har endeleg senka seg over heimen å det er tid for voksen laurdagskveld.

Ha ein fin kveld og takk for at du tok turen innom!

-Ida-


  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar