onsdag 26. desember 2012

Da blei jul i år og!!

  


Då var julafta over. Me hadde ein fredelig julefeiring heime hos oss sjølv. Dette er fyste gang eg skulle stelle i stand julafta uten hjelp fra mamma. Det blei både graut, pinnekjøttmiddag og riskrem. Me fekk til og med tid til litt teikning å kos på føremiddagen. 



Eg har ikkje som tradisjon å gå i kyrkja på julafta, men Storebompi hadde eit brennendeønske om å gå i år. Heldigvis kunne Farmor ta ansvar for den religiøse innslaget på julafta.  Så mens eg å babybompi kosa oss men å lage kålrabistappe trippet ho til kyrkjes med farmor, sin finaste sjølvalgte stas.


Middagen vart ein suksess. Me kokte to tonn for masse kjøtt, men pinnekjøtt er jo fantastisk restemat. Me har som tradisjon å ete pinnekjøtt på nyttårsafta også å i tilegg pleier me å lage betesuppe med pinnekjøtt ein gang i romjula. Trur det er det eg set på menyen i dag. 

Eit lite skrytebilde av godjentene mine i julekjolene med juletreet også. Me huska å knipse eit bilde før middag i år. Då fjordårets bilde blei tatt i kjolar som ikkje var i nærheten av reine og fine lengre. 


I natt har me hatt storebompi sitt søskenbarn på liggebesøk. Dei storkosa seg med film å popcorn i gårkveld og spratt opp som tulipaner i mai kl 07.30 i dag morges. Eg er eit surrehode av og til å i går hadde eg glemt å ta opp brød. Dette skjer ganske ofte og då har eg nokre kriseløysinger eg tyr til. I dag laga me frukostvafler. 
Oppskrift er sånn ca, men eg tenkte eg skulle dele den:

3 egg
2ss honning
3dl malt havregryn(glutenfri)
2dl mel( glutenfritt) 
1ts bakepulver
1ts salt
3dl melk
2ss smør

Smelt honning i micro til det er flytende. Ha egg og honning i ei bolle og bland. Tilsett alt det tørre:  havregryn, mel salt og bakepulver. Eg har alltid malt havregryn liggende, men du kan bruke heil havregryn også. Smelt smøretog rør inn. Tilsett tilslutt melka. La røra svelle nokre minutter, spe med meir melk om røra blir for tjukk. Steik dei i  vaffeljern. Av denne oppskrifta blir det ca 14-15 vafler i mitt jern. 
 
Ungane elsker desse vaflene! Det gjer me voksne også. Dei er ganske kjappe å lage vis du harhavregrynet ferdig malt. Eg lager alltid så mykje røre som dette, fordi røra står seg supert i kjøleskapet heile den dagen og gjerne over natta til neste morgen i ein tett boks. Eg å jentene et dei med syltetøy eller brunost. Mannen elsker dei med skinke og majones. Kvar sin smak!



Takk for at du titta innom, legg gjerna igjen ein kommentar!
~Ida~

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar