onsdag 19. desember 2012

Bananskall på raketten min

Jentene har fri kvar onsdag. Me hadde store planer for dagen i dag. Ting går sjelden etter planen, men det er blitt gjort mykje alikevel. 

Babybompi våkna skrekkelig tidlig i dag, å tok seg ein liten høneblund på sofaen på morgonkvisten. Morgenkvil

Mens ho sov laga eg å Storebompi pikekyss. Oppskrifta er veldig enkel.

Pikekyss:

4 eggehviter

2 dl sukker

Eit par dråper sitronsaft

Ha alle eggehvitene i ein kjøkkenmaskin. Pisk dei på middels styrke. Når eggehvitene begynner å bli stive tilsetter ein litt og litt sukker og sitronsafta. Røra er klar når bolla kan snus opp ned uten at det drypper.

Ha røra i ein sprutepose. Lag ønska porsjoner på bakepapir. Pikekyssa steikes på 100 grader i ein time. 

Slik blei det endelige resultatet

Smaksprøveren

Storebompi gjekk med pappaen for å hente juletre. Me henter juletre i utmarka til svigers. I fjord fekk me eit pjuskt, men sjølvgrodd juletre. I år fekk me eit nydelig juletre. Svigerfar hadde vore ute å leita å funne eit tre, som Storebompi å pappaen skulle "finne". Så med saft og eple i sekken gjekk Storebompi gledelig å uviten ut på juletrejakt.

Eg skal poste bilde av treet når det er pynta! Me gleder oss så masse.

Under middagen i dag kom storebompi med nokre tanker. Litt gullkorn fra barnemunn: " Mamma, det er eit bananskall på raketten min. Å med alle dei stjernene der ute kan det bli et problem"  Eg måtte le litt for så å spør ho kva ho meinte. " Nei vis eg har eit bananskall på raketten min når det er nyttårsaften vil alle sjernene på himmelen få bananskall gris på seg når me skut den opp på himmelen. Kan du passe på at me ikkje et banan på nyttårsafta?" hihi, dei seier så masse søtt!

Eg lova at me ikkje skulle ha banan på nyttårsafta i år!!

I gårkveld hekla eg nokre tøfler med inspirasjon fra oppskrifta til m.i.l.c.h. schaum . Eg endra litt på den for å få den til å passe til ei jente på 5 år. Eg laga dei i Dahle Garn sin Hegre med heklenår nr 5. 

I morgon skal dei få silkebånd på så det blir ballerinatøfler.

No begynner eg å bli klar til jul. Pinnekjøttet er i hus, juletreet er hugget, julepynten (det lille me har) er oppe. No gjenstår berre den siste julevasken. Det er planen for i morgon.

Det er på tide å ta kveld. Takk for visitten, håper du titter innom igjen!

-Ida


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar